lørdag 8. september 2007

NUART NORWAY festival i Stavanger.

NUART NORWAY festivalen føregår i Stavanger i desse dagar. Frå 6.sept. til 4.nov. 2007.
Eg er ørlite misunneleg på dykk no. Lista over spennande gatekunstnerar er lang.
DOLK Lundgren er blant dei norske gatekunstnerane som besøkjer Stavanger.DOLK er svært populær her i Bergen, og har og eit navn ute i Europa.

DOLK - 'Bleeding heart'

Stavanger får og besøk av andre norske gatekunstnerar/street artists;
MIR, PØBEL..
Svenske SIXTEN besøkjer Stavanger,
gatekunstnerar frå USA
Britiske Tristan Manco, Arofish
I september og fram til 4.nov. kjem det til å skje mykje spennande både innandørs og ute i Stavanger, så Siddisar ikkje la dette gå frå dykk utan å snuse litt på kva som skjer i byen under NUART NORWAY festivalen.
Eg finn lite informasjon om kva som skal føregå etter denne første veka. Er det nokon som kjenner til om det finst eit program for dei neste vekene?

LEGG GJERNE INN KOMMENTARAR HER dersom du besøkjer festivalen.Eller send ein mail til tone.aakra(at)gmail.com

Ingen kommentarer: